Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

søndag 23. april 2017

Hei folkens!

Det blir IKKJE møte 3 mai, men syhelg 12,13 og14 mai.
Kjem meir info etterkvart ang mat og aktivitet, men stort sett blir det å sy på det du vil . Kari skal ha eit lite opplegg ein av dagane.

fredag 7. april 2017

Aprilmøtet.

Vis og fortel!

Inger Karin har sydd fine ting til 17. mai. Ho er innehavar av butikken Fantasi på Sandane. Denne butikken har alt innan scrapping, og veldig mykje innan quilting og strikking, og andre ting. Besøk gjerne denne fine butikken!
Fantasi har facebookside og nettbutikk.  








Denne gongen blei det vist fram mange flotte vesker. Nokre er sydde i møbelstoff.





Dette er eit belte.



Nokre hadde laga handlenett med decoupage på Fantasi sine hobbytreff.








Bonnie Hunter sitt mysterieteppe frå desember 2016.





Her er mysterieteppet i ein litt annan variant med ramme rundt.
Meir om dette teppet her.








Nydeleg toalettveske sydd av berre utslitne gamle ting!





Krabbeteppe til lita frøken!


Her er gjengen samla. God aktivitet.






Klubb-aktiviteten denne kvelden, oldemorsruter.



Dette blir ein valfri aktivitet på maratonsyhelg/våravslutning i mai!