Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

fredag 29. september 2023

Velkommen til ny samling i klubben onsdag 4.10. på GU!

Tema på samlinga er å sy juleting, men du kan sjølvsagt sy på dine eigne prosjekt. 

Ni klubbdamer blei med på inspirasjonstur til Marit på Trapp Ned forrige veke. Vi har lagt opp til at du kan få lage noko av det ho presenterte for oss på komande onsdag. 

Det må seiast at det var ein veldig kjekke tur! Ho hadde mykje å vise og fortelje oss, og inspirerte blei vi!! Så blei det også god tid til å studere stoff og mønster i butikken, og ingen reiste tomhendt heimatt for å seie det slik! 

Her viser eg det du kan sy på samlinga. Om du vil sy englar (nissar)  tek du med deg stoff, isoporkule til hovud og band av naturbast, ein knapp og litt vatt til kroppen. Vi har med malar. 

Til korga tek du med stoff og platevatt. 

Du må ha symaskin med! 

Og vil du heller sy noko anna, gjer du som sagt det!

Kaffivertinner er Anne Johnsen og Marit Helle Bolstad (Marit bytte med Reidun forrige samling)

Vi blir veldig glad om du tek med deg noko til "Vis og fortel"!




 Litt dårleg bilete av korga, men det får duge!



tirsdag 12. september 2023

Vil du vere med på inspirasjonstur til Marit på Trapp ned i Førde? Det blir onsdag 20.09!

Du kan enno melde deg på! 

Frist fredag 15.09. (Gjeld dei som ikkje melde seg på onsdag, den 6.09. Dei som var usikre må og gje tilbakemelding om dei vil vere med eller ikkje!)

Avreise frå Firda Bilag kl. 16.00. Når eg får oversikt på kven som skal vere med, set eg opp kven som køyrer og kven som sit på! 😀

Dette skal bli kjekt! Vi kan berre glede oss!!👍

 Triveleg samling i klubben onsdag 6.09

 Her kjem bileta frå Vis og fortel! Noko er laga i løpet av kvelden, ma. den mørke korga!