Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 31. mars 2022

 Heisann! 

No nærmar det seg påske og quiltesamling!

Onsdag den 6. april håpar vi alle medlemmene set av kvelden på GU.

Marie skal vise oss korleis vi lagar påskehøner, kyllingar og påskehjerter! Ta med stoff som du vil bruke og fyllvatt til hønene! Dette blir kjekt! 

Matvertinner: Else Pernille og Kari.

Det blir utlodning som før, så lurt å ta med litt pengar. :)

Ha ei fin helg når den tid kjem! Håpar å sjå deg på onsdag!

Mvh Marianne


lørdag 5. mars 2022

Medlemspengar for 2022

Hugs å betale medlemspengar! Kontonr. finn du nede til venstre på bloggen. Ver vennleg å betale direkte til kontonr, helst ikkje vipps!

Kurs i Quick curve linjalen

Sjå innlegget om same tema lenger nede i bloggen.

Det blir kurs på GU onsdag 23.mars frå 17.00-22.00.

Meld på til Marie innan 16. mars om du ynskjer å vere med.


Marsmøtet

 Her kjem ei lita tilbakemelding frå kvelden!

7 medlemar hadde funne vegen til GU denne kvelden. Ikkje noko pang start for det nye styret altså! :) Men jammen hadde vi det kjekt vi som var der!

Annlaug, den fødte kurshaldar, viste oss steg for steg korleis vi skulle sy korger. Stor takk til ho som hadde førebudd dette så flott, lage til malar og modellar, slik at det skulle bli enkelt og greit for oss å sy  korgene på ein kveld. 

Vinnarsjansane var store denne kvelden, nesten ein gevinst på kvar! Til og med leiaran vann denne gongen! :)

Marie og Anne diska opp med god mat og kaffi,  og mange av oss hadde med noko til vis og fortel.

Alt i alt, ein kjekke sykveld. Alle inspirert til å sy mange fleire korger når vi berre kom oss heim! :)

Om de som ikkje var der denne kvelden, har lyst til å sy ei slik korg, forklarar vi gjerne framgangsmåten på sykvelden i april. Kanskje du rekk å sy både ei korg og ei høne (som er tema på neste møtet ) til påske!

Eg hadde teke eit par bilete til, meinar eg, men dei gjekk i svart.....Trur det var det som du Solveig viste, Kan du ta med til neste gang?

mvh Marianne


 
Korgene vi laga.

Marianne sitt arbeid.

Kari sitt arbeid.
Annlaug sitt arbeid.

Kari sitt arbeid.


Annlaug sitt baketeppe.

Solveig sitt arbeid.


Anna sitt arbeid.

Anne sitt arbeid.


fredag 4. mars 2022

UKRAINA

 Hei, Marianne og underteikna har drøfta på tlf i kveld om klubben skal engasjere seg på ein eller annan måte for å markere seg i denne fæle tida. Pat Sloan har eit gratismønster på bloggen sin. Sjekk stjerna i blått, gult og kvitt. Er det nokon som har lyst å sy denne store blokka? Den kan brukast til pute eller kva som helst, PAT vil henge si utanpå døra...  der borte i USA sender dei samtidig pengebidrag til Unicef. Vi snakka om vi skulle sy blokker til eit teppe og stille det ut på Sandane, eventuelt auksjonere det bort, eller om vi skal sy for oss sjølve og samtidig eventuelt gje bidrag til ei innsamling til Ukraina.  Send innpel til oss om de har idear, og om de vil delta i noko slikt. Men det hastar... 

Elin.







Eg dukka ned i stoffa mine og fann nokre som eg trur kan brukast...