Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 24. januar 2019

Årsmøte 2019

Innkalling til årsmøte onsdag 6. febr. kl. 18.

Alle har vel fått mail frå Svanhild om dette? Eg får ikkje til å presentere pdf-dokumentet her på bloggen,  så om nokon ikkje har fått mailen, ver venleg å ta kontakt med Svanhild.


Elin.


søndag 13. januar 2019

Første klubbmøtet i 2019!

Januar-møtet blei halde i huset til Grethe på Ravnestad. Ho har arva eit fint småbruk, og det var ei oppleving å få sjå inn her. Eg tok nokre bilete av "retro"ting, kjempefint!

Tusen takk for at du inviterte oss til Ravnestad!













MEIR JUBILEUM!

Annlaug var ikkje til stades på desembermøtet, då vi markerte 20årsjubileum i klubben. Denne gongen fortalde ho om oppstarten av quiltemiljøet i Gloppen.  Annlaug hadde eige firma, Singer Syservice, og ho hadde også butikk ein periode. På den måten har ho sjølv vore ein pådrivar i miljøet her!


Grete Gulliksen Moe blei framheva som den største inspiratoren. Ho ga ut bøker, viste korleis ein skulle bruke skjæreutstyr osb. Ho var fleire gonger i fylket vårt. Det vart skikkeleg mimring!




Patricia Iden er eit anna namn som blei framheva. Ho har vore i Gloppen mange gonger som kursleiar, og ho har framleis nær tilknyting til damer her.  


Klubbaktiviteten var kort-laging. Margrethe er veldig flink til dette!





Vis og fortel







"TEPPER SOM VARMER"


Det blei vist fram nokre svært fine teppe som skal sendast til sjukehuset i Ålesund.