Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 28. november 2019

Informasjon om desembermøtet og litt om 2020.

Elin Torvik Grov sitt bilete.

Vel møtt til advents/jule-møtet onsdag 4. desember. Håpar du kan kome, uansett om du har vore med på møta i haust eller ikkje. 
Vi har hatt ein aktiv haust på møta våre, slik at denne gongen tek du berre med din eigen aktivitet, ditt gode humør, ein pakke til ca. 100 kr (ikkje over). Flott om du har med inspirasjon til Vis og fortel!

Løparen på biletet har underteikna laga etter Timotei sitt mønster, August. Denne gongen er det skrappy julestoff.


 På januarmøtet vårt den 8. januar skal Inger ha denne løparen som aktivitet. Vi har avtale med Timotei (Rannveig Vangen) om kjøp av mønster. Klubben sponsar halvparten, så dei som vil lage løparen, betaler 30 kr til Inger denne kvelden. Løparen er nydeleg i blått, som Timotei sin original, men kan lagast i alle fargar sjølvsagt. Det er ikkje sikkert at alle treng symaskin, då det går litt tid til kutting og planlegging, men dette avgjer du sjølv. 


Årsmøtet blir onsdag 5. februar.


Det vert Vestlandstreff i Molde 9. til 11. oktober. Det hadde vore kjempekjekt om vi kunne reise ein gjeng frå klubben vår! Sjå lenkje her.


Storkurset i klubben vår i 2020 blir 13. til 15. november. Då kjem Andre Wallenborg! Meir info seinare, men set av helga i kalenderen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar