Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb
Her ligg mange lenkjer til bloggar og butikkar.

mandag 8. september 2014

Dongeryveske kurs 6. og 7. september .

Ei herleg helg er over,der eg, Liv lærte 7 kreative og kjekke damer å sy vesker av dongery.
Her får det sjå litt av det som blei sydd denne helga.


Kjekk å ha med seg i ung jente på 20 år, som er veldig kreativ. Håper dette kan inspirere andre ungdommar til å bli med.


Det er som sagt berre fantasien som set grenser. Om ei stund vil nok  jenta har Sjukepleierhøgskulen i Førde si sprekaste veske. Vi ventar i spenning til den er ferdig.

Kari si veske blei slik. Ho har quilta med mønster på ein del av veska, som gjev stivare veske og ikkje minst ser det ut som det er eit heilt anna stoff som blir brukt.



Og inni veska har Kari så godt som heile verda. Stiligt stoff, som gjer veska heilt spesiell.
Då ho var ferdig med denne, begynte ho like godt på ei til.


Margrethe kosa seg veldig og kunne sikkert ha overnatta på ungdomskulen:)
Ho har brukt ein del av ei nupperelle brikke å pynta med +merker og har minst 3 lommer utanpå veska. Ellers har ho nytta seg av stilige svigermors veskehanker.

                                           Her ser dåke andre sida, der lommene er pynten.

Og inni veska pynta ho ,og, så den burde eigentleg vore vendbar.
Og så måtte ho sy deg ein sminkepung. Blir nok å sjå på neste klubbkveld, den og.


Endå ei kreative dame, som har like mykje dilla på pynt og  knappar som Liv.
Blir spennande å sjå det ferdige resultatet.


Solveig kom med ei superfin bukse, der lommene var så flotte, at det ikkje behøvde å pyntast noko særleg meir.


Og eit nydeleg stoff frå Ronny Rør, sette prikken over ien inni veska ,når den blei fora.
Hankene har ho nok laga til neste klubbkveld, så då får vi sjå det ferdige resultatet.
Same modell, men så ulike og med personleg preg. Flott!

På 12 timar kan dei fleste bli ferdig med denne modellen. Den største utfordringa er når ein syr veska saman og så skal sy i fòr og tilslutt lukkekant.
Gode maskiner er viktig.

Iallefall kjempekjekt å vera ilag med damene i helga, og så håpar eg det blir fleire vesker etterkvart. Enten denne modellen eller andre.:)

1 kommentar:

  1. Vi hadde en super helg! Flinke Liv veiledet oss flott, og det er jo så gøy å sy sammen! Takk til alle! Kari

    SvarSlett