Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

søndag 12. oktober 2014

Vestlandstreffet i Florø

Her kjem bildeglimt frå Vestlandstreffet. Florøværingane hadde fått til eit flott treff!

Først frå utstillingane.




























Glimt frå butikkane:


Lappestua



Kurshaldarane!


Denne standen er verkeleg inne i tida! Margaret Nygaard og Kjellaug Djupvik lagar stoffpakkar og stoffrullar for sal, alt i 100% bomull!
Føretaket deira heiter Mimre.



Kathrines Quiltestue.

Kathrine og Helle heldt eit engasjerande foredrag fredagskvelden, og dei viste fram mange flotte modellar. 





Sue Daley sine papp-former trur eg selde som berre det!







Ingunn frå Primula på Eid har mange fantastiske modellar av Wenche Wolff Hatling.






Gevinstar ved lotteriet.


Nokre av kursmodellane til AnnAKa:



Rail fence-løpar, utruleg fin! Restar etter andre restar...


Denne blokka lærte vi å sy, Bestemors fylte drops.



Elin - referent

torsdag 9. oktober 2014

Klubbmøte i oktober.

Første dagen i oktober hadde vi klubbmøte. Torill viste oss korleis ho syr hjartemugrugs. Ho har sydd mange, og har samla seg opp ein god del fine bomullsskråband. Dei er visstnok ikkje så lette å få tak i her til lands.






Vis og fortel denne kvelden:



Liv Ingunn har halde veskekurs i klubben.








Denne teknikken skal Marie kurse oss i endå ein gong. Mønstrene har vi kjøpt inn!