Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 5. november 2015

Klubbmøte i november

Her er det som blei vist fram under Vis og fortel denne kvelden. Tinga bar preg av jul og av kurs som har vore denne hausten.

Annfrid hadde med mange nydelege produkt!










Mange syr denne strikkeveska. Det er ein enkel og god modell, men nokre lagar den litt større enn oppskrifta.




Frå Kurs med Mona Bauge på Vestlandstreffet.
Oldemorsblokk, Great Granny.


Dette er ikkje krympestoff, men frå ein topp som har krympa i kleskåpa...


Klubben har hatt kurs på ein klubbkveld, Forget me not.





Denne unge og flinke jenta har sydd utstyr til symaskina m.m. av AnnAKa.










Veskekurs på Vestlandstreffet, Kari Renolen.


 Kurs med Sylvi Ruud.


Go to gate!


Kurs med Sylvi Ruud på Vestlandstreffet.






























I Amerika kallar dei dette ein bed runner, altså ein sengeløpar. Det er mykje brukt ved fotenden, i staden for ein stor kvilt.
GretheR. har sydd denne.


Nokre av medlemmane har vore med på blokkbyte-sying. Denne kvelden fekk vi velge. Det skal bli artig å sjå korleis dei forskjellige løyser monteringa! Kjekt tiltak!




mandag 2. november 2015

mandag 2. november 2015

Klubbkvelden 4. november 2015

Hei alle saman.

Dei som kan på onsdag 4. november møter opp kl. 17.00 og så starter vi og lære teknikken, Quilt as you go.  Dei som kjem kl. 18.00 og vil vera med å lære ,Quilt as you go, vil få opplæring då. Det går heilt fint.

Ein enkel teknikk og gøy måte å få brukt restar på.

Hugs ta med,
platevatt,
stoffrester,
eit stoff til å ha bak vatten.
Papp om du vil teikne av maler.
Denne kvelden lærer vi teknikken og kan heller møtast ein kveld seinare om vi skal sy noko ilag av det stoffstykket du laga på onsdag.

onsdag 21. oktober 2015

Vestlandstreff 2015 på Nordfjordeid!

Her kjem nokre glimt frå utstillingane på Eid ungdomsskule forige helg. 
Det var eit utruleg kjekt arrangement på alle måtar. 
Meir om treffet kan du mellom anna lese HER.