Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

tirsdag 10. november 2020

Novembermøtet 2020

 Vi var ca. 12 personar samla på novembermøtet, og vi hadde ei svært hyggeleg stund i lag. Det kan vere krevande å halde avstand, men vi gjorde som best vi kunne. Vi hadde symaskinaktivitet, og brukte 2 rom for å spreie oss. Marie hadde førebudd eit flott opplegg med bruk av 10graderslinjalen. Noko var idear frå eit blad, men Marie hadde vidareført ideane til andre uttrykk. Tusen takk Marie for ein flott og inspirerande aktivitet!















Moderne lystavle!




VIS OG FORTEL
















torsdag 8. oktober 2020

Oktobermøte i september

 Siste dagen i september hadde vi medlemsmøte, der vi sydde krusvesker. Veldig kjekt at 2 "gamle" medlemmer møtte fram, velkomne tilbake Reidun og Marianne !

Pga. pandemien har vi valt å avlyse/utsetje kurset med Wallenborg, noko han viser stor forståing for.

Sylaurdagane vi har annonsert går som oppsett, og kanskje blir det workshops med sying av klede i jersey den oppsette kurshelga i november, eller eventuelt julesying, eller begge deler. Medlemmane vil få mail om dette etter kvart. 

Her er bilete frå vis og fortel:




















fredag 4. september 2020

Kurs med Andre Wallenborg

Endeleg til Gloppen?     

Gloppen Lappe- og Quilteklubb arrangerer kurs med Andrè Wallenborg

13. - 15. november 2020

(bilete frå nettet)


Wallenborg kan undervise i 2 ulike prosjekt parallellt, og du kan velge mellom weekendbag og toalettmappe/veske.

     

Kurset vert sett igong om vi har minimum 12 påmeldingar, og under føresetnad at koronasituasjonen ikkje er vesentleg forverra på det tidspunktet.

Du må kjøpe materialpakke til prosjektet ditt, 750 for bag og 450 for toalettmappe/veske.

Kurset vil koste kr. 1000 pluss litt til mat.

Ikkje-medlemmar er også velkomne å melde seg på, mot eit symbolsk tillegg på 100 kr. 

Eg oppmodar alle interesserte i å melde seg førebels på ganske snart, slik at vi får ei formeining av interessa, og med bindande påmelding innan 30. september.

Sjølvsagt vil alle smittevernreglar takast omsyn til, W. vil bruke munnbind, vi blir i større lokale osb.

Ta kontakt med underteikna, så sender eg deg meir informasjon.

Elin Torvik Grov

e_grov@hotmail.com

tlf. 99715205

Haustsesong 2020, septembermøtet

Vi hadde medlemsmøte på siste fineversdagen, så vi var ein relativt liten flokk som møttest. Kanskje var det forkjølingar o.l. som også forhindra folk frå å kome denne gongen. Uansett så hadde vi 11 som var der ei veldig triveleg stund, og sjeldan har vel så mange vore der så lenge😊.

Aktiviteten vi hadde var Timotei sine lukkekantgryteklutar, som ligg open som tutorial på bloggen hennar. 

Mykje av tida gjekk til å planlegge hausten, både når det gjeld medlemsmøter, sylaurdagar og kurs. I så måte var det synd at vi ikkje var fleire...

Vi kom fram til følgjande:

*oktobermøtet blir i september, nærare bestemt onsdag 30. (pga. haustferie første onsdag i oktober)
*sylaurdagane blir 17. og 24. oktober
*kurset til Andre Wallenborg går som planlagt 13. til 15. november (med visse forbehold)

Her er bilete frå Vis og fortel:
















Kari minna oss på Leaders and Enders, takk for tipsa! Kanskje du kunne ta eit slikt lite innputt på kvart møte, Kari?