Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

onsdag 29. april 2020

Bodskap om håp!

Pat Sloan Andra Tutto Bene Quilt pic

Message of hope!

Skal vi sy ein primitiv, enkel, improvisert regnboge, ala ei barneteikning?
Om du klikkar på linken over her, finn du mykje info om dette frå Pat Sloan.
Sjølv tenkjer eg å sy ei prosjektveske med eit slikt motiv, som eit minne om denne uverkelege tida. Kanskje lagar eg ein enkel applikasjon med stoppefoten, men HER er direkte link til mønsteret.

Vi får diverre ikkje møtast på klubbmøte på denne sida av sommaren.

Eg vonar at fleire tenner på denne ideean, og har det som ein mai-aktivitet heime med seg sjølve. Send bilete til meg eller på facebook, så lagar eg blogginnlegg i løpet av mai. Skal vi seie innan 17. mai?

Som ei ekstragåve sender eg eit gratismønster av ei søt bie til medlemmane på mail. Håpar nokon vil sy den også!
Ha ein fin vår alle saman!

Elin.

fredag 6. mars 2020

Marsmøtet 2020


God stemning og kjekk aktivitet på marsmøtet! Det er berre så flott kor vi klarer å inspirere kvarandre, både yngre og eldre medlemmar. 
Her er bilete frå Vis og fortel. Reknar med mange  Høne Pøne-gryteklutar blir viste fram på april-møtet.
God tradisjonsmat med mellom anna svele med pudding og kanelbollar blei servert. Takk til matvertane!

INFO: Sylaurdag 14. mars frå kl. 10 (sikkert) og 21. mars, (om det er interesse). Meld gjerne frå til underteikna.


Først litt inspirasjon frå Fantasi.
Dei har fått inn mykje nytt både av stoff og mønster. Tenk kor heldige vi er  med den flotte butikken og dei gode medlemsrabattane! Her må vi for alvor kjenne vår besøkelsestid og handle alt vi treng av utstyr til hobbyen vår!


VIS OG FORTEL



Henny hadde med fleire fine ting!




Laila har sydd moderne krabbeteppe og tilhøyrande posar/vesker.
Kjempefint!


Henny har sydd seg ny flott veske, med både stoff, inspirasjon og mønster frå Fantasi!



Marie sine nydelege kuvertbrikker og fine pung frå MyQuilt..


Marie sitt varemerke, alltid innlegg i botnen!


Janne sin nye flotte løpar etter mønster frå Anne Beier Finnestad. Løparen har asymmetrisk mønster i kvar ende, skal prøve å finne att eit anna bilete seinare.
Her er bildegalleriet til Anne, og her er link til nettbutikk og heimeside.



Anna både over og under her... Den dama har alltid noko nytt å vise fram.
Ofte er det ting til vesle Anna!


Bonnie Hunter sitt mysterium anno 2019, Frolic. Dette var eit ekstra lekkert teppe! Sjølv ein veteran som Kari lærte nye triks gjennom dette prosjektet. 






Solveig med nye fine produkt.


Annlaug sin 3. eller 4. løpar August, frå klubbaktivitet sist haust. 
Ekstra lekker, var vi samde om...




Inger over og under! Løpar frå Malli sitt kurs over, og under eit fantastisk teppe, som truleg har vore i arbeid ei tid.



Sol har rydda i "tølene" sine, og funne ein spennande blonde, som ho har overført til ei gardinkappe!


Eitt av Grethe sine mange resteprosjekt. Nydeleg veggteppe med blokk-mønster frå Quiltemagasinet. 


Litt hulter til bulter-bilete. Sorry...







torsdag 27. februar 2020

Aktivitet på marsmøtet!

Vi ønskjer velkomne til klubb-kveld første onsdag i mars, og håper at mange har høve til å kome.

Styret i klubben er klare på at klubbkveldane skal ha eitt eller anna tema i tillegg til vis og fortel.

Det som er viktig å poengtere, er at desse aktivitetane er frivillege, og ingen blir uglesedde om ein ikkje vil sy denne kvelden. Det er eit tilbod! Om du heller vil ta med eit påbegynt handarbeid, stitchery, handsaum eller spøt og "slappe av", men delta i søgjen og inspirasjonen, er det heilt OK!

Denne møtekvelden syr vi Høne Pøne av Timotei. Vi held fram samarbeidet/avtala  med henne, og klubben sponsar halve prisen. Vi kopierer opp mønster til alle medlemmane som vil ha, sjølv om dei ikkje syr på sjølve møtet!

Alle medlemmane får epost om kva ein treng å ha med, og med skjæremål, dersom ein vil gjere litt førearbeid. 

Else vil ta med stoff mm frå Fantasi, om nokon skulle ha lyst på noko nytt!

Produktbilde

mandag 24. februar 2020

Moda Block Heads

Jeanne Nowicki Sanders sitt bilete.

Lurer på om nokon har lyst å henge seg på ein avslappande og lite forpliktande sy-along?
Her er gratis mønster på blokker kvar veke, i fleire storleikar.
Det kunne jo vore artig om fleire var med, og ein kunne inspirere/hjelpe kvarandre på Vis og fortel på møta...
Eg er disponibel til å kopiere opp dei informative mønstrene om du ikkje gjer det sjølv.
Noko å tenke på til marsmøtet....
Klikk deg inn på linken under her.
Moda Blockheads III 20202

https://bearcreekquiltingcompany.com/moda-blockheads-iii-2020/

Helsing Elin.

mandag 10. februar 2020

Februarmøtet

Det var  årsmøte  denne kvelden, og det gjekk raskt og greitt unna. Vi hadde godt frammøte, og god bevertning. Stemninga var og god!
3 damer gjekk ut av styret, Svanhild, Solveig og Solbjørg. Dei nye som kom inn er Annlaug, Else og Marit, varm velkomst til dei!  Dei som gjekk ut blei takka av med kvar sin nydelege orkide. Dei har lagt ned ein svært god jobb i styret!

Ein merknad som kom fram var bruken av Vipps, noko som slett ikkje er gratis for lag og organisasjonar. Vi blei derfor einige om å behalde Vippsen, MEN oppmode medlemmane om å bruke vanleg nettbank som hovudbetalingsstad. Då sparer klubben pengar.

 KURS:
Det blei informert om storkurset vi skal ha i november med Andre Wallenborg. Dei som ikkje var til stades kan få denne infoen når dei møter opp i mars. 
Set av datoane 13. til 15. november!

Når det nye styret kjem saman og konstituerer seg, set vi også opp datoar for dei populære sylaurdagane (ikkje populære i form av mengda oppmøtte, men av tilbakemeldingane for dei som har vore til stades 👌)

OBS OBS, sjekk lenkjene under Vis og fortel, lengst nede på blogginnlegget. Det er noko eg har lagt ut på Facebook, og som ikkje alle har tilgang til. 

Vis og fortel:

Det blei vist fram mange fine ting. Else hadde fått heilt ferdig Row by Row, eit utruleg fint prosjekt, og svært arbeidskrevande (veit underteikna, som har laga 4 rader ca.😃)
Annlaug hadde starta på juleproduksjonen, og laga mange fine ting.
Fleire viste fram nye løparar, både August-løparen av Timotei frå januarmøtet, og andre løparar. Toalettvesker blei og vist fram.








































For dei som ikkje er på Facebook!

Lenkjer som eg har publisert på Facebook i det siste:

https://www.youtube.com/watch?v=ET3IpIDq02o&feature=youtu.be&fbclid=IwAR21HObn360UfOwg5AwseMyj7W6SQMRhd08ehjmZNGaqa6N04PEGzm-YbfY

 Korleis lage glidelåslomme på veske:


Korleis få fine glidelåsendar på toalettveskene:





Trafikk-kork-teppet til Pat Sloan: resteteppe!
God fornøyelse!



Pat sloan traffic jam button sm


Helsing Elin.