Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

mandag 7. april 2014

Regionstreff på Nordfjordeid 6. april!

Søndag 6. april var det regionstreff på Eid. Dei skuffa ikkje, det var eit veldig godt arrangement.
Denne dukka i nordfjordbunad er faktisk ei kake!

  
Det var rømegraut og spekemat til middag, og eit svært rikhaldig kakebord etterpå! Så var det åresal og anna. Seks butikkar var der, Frøken Fryd, Florø Husflid, Trapp Ned, Lappeloftet, Lappestua og Primula Design. 

Nokre bilete frå utstillinga, her kjenner vi att Patricia Iden sitt verk!





  
Dersom nokon har fleire og betre bilete, ver snill å sende over til meg. Som vanleg har eg fototrøbbel...

















Endå ei vakker kake!





Kari vår imponerte med foredraget sitt, det var veldig inspirerande!
Ho hadde med Øystein på gitar og Margot på vokal, dei framførde to vakre songar.



Då må vi takke alle i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb for vel gjennomført treff. Vi vil sikkert finne meir bilete på bloggen deira snart.

2 kommentarer:

  1. Du har teke flotte bilde. Ja, Kari var kjempeflink og inspirerande.
    Mykje fint og det ser ut som det er i vinden å sy store tepper.
    Utruleg mykje fint på butikkane. Eg syns det var ein flotte dag.
    Mvh Liv

    SvarSlett
  2. Kjempefin dag og kjempefin utstilling. Og bilda er fine ,Elin!.:)
    Mange flotte tepper og Kari var kjempeflink.
    Mvh Liv

    SvarSlett