Denne kvelden hadde vi det ekstra kjekt på medlemsmøtet! Styret hadde laga fint til med langbord og pynt, og Marie hadde laga til små stitchery med julemotiv til fellesaktivitet. Marie gjer mykje for klubben sjølv no ho er ute av styret, tusen takk!
Vis og fortel
Løparar o.l., det meste er ferdige ting, men vi har stor takhøgde for å vise fram undervegs-arbeid og, og takk for det!
Anna sine mega-puter til barnebarna. Det er berre å ta av seg hatten!
Eit av dei større prosjekta som blei viste fram denne kvelden. Nydeleg handsaum og handkvilting!
Layercake, bualinjal og fleece bakside, herleg maritimt teppe!
Krusmatter med lomme:
Vesker, toalettvesker m.m.:
Denne veska har vårt nye medlem Rianne sydd. Velkomen i klubben!
Julepynt m.m.:
Kari kom rett frå jobb og hadde ikkje med seg noko å vise, til ei forandring. Heldigvis hadde ho ei kjempefin heimedesigna jakke/kofte på seg. Utruleg!
Ein del av damene rundt bordet. Søgjen gjekk livleg, sjølv om det er god konsentrasjon også.
Stitchery under arbeid:
Reidun, vår dyktige leiar, hadde brukt fantasien, og pynta fint med lilla og sølv.
Så flott innlegg! Gøy å se alt igjen, jammen er vi flinke dere ! :)
SvarSlettQuilte hilsen fra Kari Eide
Så masse fint dåke har laga. Synd eg ikkje får med meg alle desse fine kveldane.Må visst finne meg ein ny jobb.
SvarSlettDåke er kjempeflinke. Mvh Liv