Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

fredag 9. oktober 2015

Bilder frå klubbkvelden 7. oktober 2015

Forget me not heiter mønsteret/teknikken Anna viste oss denne klubbkvelden. Vi var mange som starta kl. 17.00 og Anna var ein god lærar. Spennande å sjå resultatet på neste klubbkveld.

                     Kari viste oss ei veske ho hadde laga. Trur det var eige mønster.

                   Endå ei flott kurvveske. Vi har sett mange av desse på facebook.
                                                     Mønster kan du kjøpa på Fantasi.
Else hadde laga eit nydeleg teppe med stichery og applikerte marihøner.


                               Else har også laga desse koselige Tida dukkene.

Annlaug sitt produkt. Dette skal ho ha under symaskina.


Solveig har starta på juleproduksjonen og har funne fram igjen eit gamalt mønster.
Nydeleg duk .

Margrethe sin pute frå då ho gjekk på Anne Beier Finnestad sitt kurs..
Kjempefin. Fortsatt ledige plassar i januar her på Sandane.


Margrethe har sydd ei flott spisebrikke her. Band og blonder kan brukast på denne enkle måten og så får du dette flotte resultatet.


Margrethe sitt prosdukt. Var det toalettveske?

Sminkepung og toalettmappe, Margrethe er meister av dette,og.

Reidun M. har sydd denne fine veska etter mønster av Bente Malm. Mykje arbeid. 

Sonja trur eg som har laga dette applikerte bildet av festlege damer.

Femke er vårt ynskte medlem og er slettest ikkje redd for å prøve å sy , sjølv om ho ikkje har mønster. Flott veske.

Femke har sydd og dekorert denne veska etter eigen fantasi.Kult. Mønster Liv H.


Rianne har sydd denne spreke veska til mor si.

Også dette fine symaskintrekket med tilbehør har ho laga. Festleg stoff.

Ei toalettmappe til ein kar og pompadur til koppen er også hennar verk.

Liv har sydd veske etter Bente Malm mønster. Utruleg enkel og grei veske. Mønster på Fantasi



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar