Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

søndag 28. april 2019

Info om våravslutninga



Våravslutninga i klubben vert onsdag 8. mai i Busperstøva i Langedalen.


Avreise frå Firda Billag kl. 17.30. Samkøyring er lurt. 50 kr i bompengar, kan vippse.

Om veret er fint, ta gjerne med ein campingstol og ei lun jakke, så kan vi sitje ute med handsaumen vår. Det er høve for sjåførane å køyre heilt inn til hytta for å setje av personar og utstyr, og deretter parkere framme på parkeringsplassen.

Matvertane Else og Jorunn syter for det kulinarske denne kvelden.

Det vert Vis og fortel som vanleg.

TEMA for denne kvelden er sommarsaum, handsaum på strek (på amerikansk).

 Vi veit at nokre har god trening i dette, og vi oppmodar alle som har ferdige og uferdige  produkt i denne teknikken om å ta  med og vise fram. Vi ønskjer å inspirere kvarandre til handsaum i sommar!

Det vert høve til å teikne av malar på malplast og ta med seg heim til odel og eige.
Om du trur du skulle få lyst til å sy ei blokk eller to, anbefaler vi å ta med følgjande utstyr:



  • stoffbitar (gjerne som høver til fuzzycutting om ein likar det)
  • synål, tråd og saks, eit par knappenåler 
  • blyant og linjal, eventuelt tusj til plastmalar
  • papirsaks


 Blokkene i framgrunnen er frå Lucy Kingwell (dotter til Jen) sin Smitten.


Under er blokker frå eit teppe som Wenche på Northern Quilts hadde i eit utanlandsk blad for nokre år sidan. Denne blokka er veldig kjekk å sy...


"Frem fra glemselen" utstyr!
Nostalgi....






Dei to neste bileta er henta frå nettet, og syner Jen Kingwell sin Glitter. Denne blokka eignar seg veldig godt til handsaum. Har du lyst å prøve?












Denne vesle brikka er sydd på strek av underteikna. Restar etter eit anna handsaumsprosjekt frå Lappemakeriet, 8-blad-rose-teppet.
Her ser ein både stjerner og kuber...



Vel møtt til ein triveleg kveld!

Elin (på vegne av styret).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar