Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

søndag 10. januar 2021

Nytt quilteår!

Adventsutfordring på Facebook-gruppa: Kari tok den, og vann premien frå underteikna! Flott resultat!



Vi innleiar eit annleis år slik som vi avslutta det forige. Det er strenge restriksjonar på besøk i heimen og på utleige av lokalet vårt på skulen, i tillegg til mykje anna. Dette er slett ikkje kjekt for nokon, men vi må vere disiplinerte og halde ut!

Korleis står det til med sy-lysta då? Har vi planar om rydding, ufosying, wip-sying (work in progress) eller oppstart på noko nytt? Veit de at BRODERI har fått ein ny vår, særleg småstigla korsstingsbroderi? Dei let seg jo lett kombinere med lappesaum, om ein vil. 

Under her ligg lenkjer til ymse sider som Nina Strandplats har. Nina kjem til oss 1. - 3. oktober 2021 for å halde kurs. Anbefaler å kike litt på desse lenkjene. Ho har sydd i årevis og er kjempedyktig, no for tida driv ho mykje med strikking og broderi, noko ho fortel om på youtube-kanalen Den glade tråd. Der har ho strikk i starten, så ymse (midt i mellom), og til slutt det som har med lappesaum og korssting. Det høyrer med til historia at ho har avlyst alle kurs til og med september, så DER var vi no heldige! 

Den første lenka er ikkje klikkbar, så der merker du og kopierer og limer inn i feltet oppe. Om du ikkje får det til, kan du google Den glade tråd.

 https://youtu.be/Kh5S_D7KRig

Nina Strandsplads (@quilteriet) • Instagram photos and videosQuilteriet

Quilteriet

Så har alle medlemmar fått mail om årsmøte i februar. Vi håpar på snarleg betring i koronasituasjonen med vaksine og mindre restriksjonar!

Helsing Elin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar