Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

mandag 31. mai 2021

Avslutning på Bua på Ryggjaøyra og ein forespørsel

 

Etter en del fram og tilbake, tror vi vi har funnet et greit sted å være for å avslutte vårsesongen i quiltelaget:  Vi møtes førstkommende onsdag 02.06 kl 18.00 på Bua på Ryggjaøyra. Da Bua er under oppussing må vi holde oss ute, men været ser stødig og fint ut, og da er vi godt innafor gjeldende koronaregler.  Siden vi ikke vet hvor mange vi blir, kan det være lurt å ta med campingstol.  Da kan vi spre oss litt om nødvendig.  Styret stiller med marsipankake, øvrig mat og drikke - med kopp - tar hver og en med etter ønske.

    Av opplagte grunner har det vært en mager sesong når det gjelder møter, men det skulle ikke forundre meg om mange har brukt mye av hjemme-tida til å sy.  Det er sikkert lagt ut mye fint på diverse sosiale medier, men alle er ikke der, og uansett - det er sikkert ennå finere i virkeligheten.  Så ta med små og store produkter og vis stolt fram!

    Klubben har fått en henvendelse om `dugnad` fra en sang-glad og quilte-interessert dame i Hyen, Ragnhild Hope Birkeland,.  Dere får lese den og  tenke over saken, så tar vi en diskusjon på onsdag.  Da håper vi å samle mange klubbmedlemmer!

 

For styret, Marit.

  

Kopi av eit brev til Else:

Etter å ha prøvd å finne kontaktinformasjon til Gloppen Lappe- og Quilteklubb, vart eg tipsa om å ta kontakt med deg på denne e-post-adressa. Eg håpar du har høve til å vidareformidle denne meldinga til styret og/eller medlemmane i klubben. Meldinga er kort fortalt ein førespurnad om å samarbeide om eit lappeteppeprosjekt i samband med eit musikkprosjekt eg held på med. Håpar de tykkjer det høyrest spennande ut, og at de kunne tenkje dykk å ta del!

 

For ei tid sidan offentleggjorde eg eit musikkprosjekt på sosiale medium. I korte trekk er det snakk om ein EP med fire songar som skal gjevast ut til hausten, under artistnamnet The Rose Chafer.

Dette er altso eit musikkprosjekt, men eg tenkjer at det samstundes kan vere eit springbrett til prosjekt som involverer andre kunstartar - til dømes lappeteknikk/quilting. So eg skriv til dykk for å høyre om de kunne ha interesse av å samarbeide om eit lappeteppe som kan vere ein del av den visuelle profilen til EP-prosjektet mitt.

Det eg ser føre meg, er eit lappeteppe som kan brukast som bakgrunn og rekvisitt på t.d. bilete, videoar og ved eventuelle framsyningar. Ettersom ein av songane mine heiter "Stargazer," tenkte eg at det kunne passe å lage eit teppe med diverse stjerneblokker.

I teorien kan eg jo lage alle blokkene til eit slikt teppe sjølv, men eg likar tanken på å setje saman eit teppe med blokker laga av ulike personar, der kvar blokk får syne fram ein eigen stil og personlegdom. So kan eg sy desse saman til ein vakker og unik stjernehimmel.

Difor ville eg høyre om det er nokon i Gloppen Lappe- og Quilteklubb som kunne tenkje seg å ta del i dette kunstprosjektet?

Eg er klar over at lappesying kan vere tid- og ressurskrevjande, og eg skulle ynskje eg hadde budsjett til å betale for arbeidet. Men sidan eg ikkje har høve til det, lyt eg spørje om nokon kunne tenkje seg å bidra på dugnad? Det er då viktig å presisere at det ikkje er meininga at ein skal kjøpe inn nye stoff og nytt utstyr til dette prosjektet: restestoffblokker er heilt supert! Kanskje nokon allereie har ei ubrukt testblokk som kan passe?

For å få ein viss samanheng i det ferdige teppet, ser eg føre meg følgjande retningslinjer (men elles må de vere so kreative de berre vil!):
- Minst eitt stjernemotiv per blokk
- Stjerne(r) i gult, oransje, kvitt og/eller lyseblått
- Bakgrunn i mellom- og/eller mørkeblå

Blokkene treng ikkje ha ein bestemt storleik. Eg kan tilpasse med kantar og råmer når eg set saman teppet.

Eg håpar denne ideen er noko medlemmane i klubben kunne tenkje seg å vere med på. Om de har spørsmål eller vil dele tankar om prosjektet, er det berre å ta kontakt (sjå kontaktinformasjon under). Eg er spent på å høyre kva de tenkjer om moglegheitene for eit kreativt samarbeid!


Beste helsing
Ragnhild Hope Birkeland
(The Rose Chafer)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar