Velkommen til quiltetreff onsdag 6. september kl. 18.00 på GU!
Hausten er rett rundt hjørnet, og styret i klubben er snart klar til nytt quiltetreff. Det håpar vi du og er!👍 Vi har sett opp ein plan for innhald på samlingane som vi håpar fell i smak!
- Onsdag 6. 09: Vi syr brikker, korger eller hexagon (papirsaum) eller du syr på dine eigne prosjekt.
- Onsdag 20.09: Vi besøkjer Marit på Trapp ned i Førde. Avreise 16.00. Meir informasjon og påmelding 6.09.
- Onsdag 4.10: Vi syr juleprodukt.
- Onsdag 1.11: Vi syr strikkepinnemappe og handlenett. Handsaum for dei som ynskjer det.
- Onsdag 6.12: Juleavslutning på Ravnestad m/Grethe
Informasjon om samlinga den 6.09.
Tema: Denne kvelden kan du velge mellom å sy brikker, korger eller handsaum av sekskantar/hexagon på papir. Du kan sjølsagt og sy på dine eigne prosjekt.
Her ser du bilete av produkta som du kan sy:
Kaffistoffa får du kjøpt på Fantasi, og hugs, du som medlem får alltid 10 %, og du får med gratis mønster!
Vi har sydd ein del korger i klubben i det siste, men denne måtte vi berre ha med!
Har du kanskje lyst til å sy slike brikker? Marie viser og forklarar. Kanskje du har restestoff heime? Hvis ikkje veit du heilt sikkert kor du får tak i dei!😁
Du får kjøpt slike band i mange ulike fargar på Fantasi Du syr korga med sikksakk sting.
Veldig enkel og lett å sy!
Janne har og sydd ei slik, og ho har sett på ein tøff skinnlapp!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar