Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

tirsdag 20. oktober 2015

Klubbaktivitet 4. november 2015


Her kjem litt bilder og informasjon om klubbaktiviteten på neste klubbmøte. Quilt as you go, dvs. at for kvar stoffbit du legge på platevatten , quiltar du før du legge nedpå neste bit.
Spisebrikke, pynta med ein bit av ein hekla duk.

Lita toalettveske.





Liten sminkepung pynta med eit strykebilde og blonde.


Framsida på ein pute eg har sydd. Her var utgangspunktet ei stjerne. Og her har eg sydd frå to plassar. Skal visa deg.


Sminkepung.

Til klubbaktiviteten tek du med deg stoffbitar/restar du vil bruka, platevatt og gjerne eit tynt støttestoff til å ha bak vatten.
Papp om du vil teikne av nokre maler til sminkepung og spisebrikke.
Symaskin og tråd er sjølvsagt.
Håpar mamge blir med, for dette er gøy.









fredag 16. oktober 2015

Kurs med Anne Beier Finnestad!


Klubben vår arrangerer kurs med Anne Beier Finnestad 15. - 17. januar 2016.

Der er framleis 5 ledige plassar. 

Påmelding på melding til Janne, tlf. 47275923
Kom og ver med, då!

Her er ei pute som Margrethe sydde på kurs med Anne i Florø.



Meir bilete kan du finne HER.

søndag 11. oktober 2015

Forget me not

Fikk koselig besøk av Anna i dag. Ho hadde med seg teppet som ho har frihandsquilta so flott. Nydelig!

lørdag 10. oktober 2015

10. oktober 2015.



Her er to bilder til frå klubbkvelden.





Femke har sydd denne kule veska. Skikkeleg stor og god bag. 
Syns absolutt dåke som ikkje fekk sjå den onsdag, måtte få ta ein titt på nært hald.




Og som inspirasjon tek eg med bilde av desse to toalettveskene eg har laga til gutar/menn. 
Laga i svart lin og eit tøft bomullstoff, som begge er å få kjøpt på fantasi.
Pynta med fotballband og metallknappar.

Om litt kjem det info om klubbaktivitet neste klubbkveld og kva dåke skal ha med.

fredag 9. oktober 2015

Bilder frå klubbkvelden 7. oktober 2015

Forget me not heiter mønsteret/teknikken Anna viste oss denne klubbkvelden. Vi var mange som starta kl. 17.00 og Anna var ein god lærar. Spennande å sjå resultatet på neste klubbkveld.

                     Kari viste oss ei veske ho hadde laga. Trur det var eige mønster.

                   Endå ei flott kurvveske. Vi har sett mange av desse på facebook.
                                                     Mønster kan du kjøpa på Fantasi.
Else hadde laga eit nydeleg teppe med stichery og applikerte marihøner.


                               Else har også laga desse koselige Tida dukkene.

Annlaug sitt produkt. Dette skal ho ha under symaskina.


Solveig har starta på juleproduksjonen og har funne fram igjen eit gamalt mønster.
Nydeleg duk .

Margrethe sin pute frå då ho gjekk på Anne Beier Finnestad sitt kurs..
Kjempefin. Fortsatt ledige plassar i januar her på Sandane.


Margrethe har sydd ei flott spisebrikke her. Band og blonder kan brukast på denne enkle måten og så får du dette flotte resultatet.


Margrethe sitt prosdukt. Var det toalettveske?

Sminkepung og toalettmappe, Margrethe er meister av dette,og.

Reidun M. har sydd denne fine veska etter mønster av Bente Malm. Mykje arbeid. 

Sonja trur eg som har laga dette applikerte bildet av festlege damer.

Femke er vårt ynskte medlem og er slettest ikkje redd for å prøve å sy , sjølv om ho ikkje har mønster. Flott veske.

Femke har sydd og dekorert denne veska etter eigen fantasi.Kult. Mønster Liv H.


Rianne har sydd denne spreke veska til mor si.

Også dette fine symaskintrekket med tilbehør har ho laga. Festleg stoff.

Ei toalettmappe til ein kar og pompadur til koppen er også hennar verk.

Liv har sydd veske etter Bente Malm mønster. Utruleg enkel og grei veske. Mønster på Fantasi



onsdag 9. september 2015

Kurs i klubben



Her har eg saksa frå facebookgruppa vår.




Da prøver vi å få satt i gang blokkbytekurs med Kari. Påmeldingsfristen er 12.9 Fyrste møte blir onsdag 16.9 kl 18.00 på ungdomsskulen .Fargar som skal brukast er blått,lyst og brunt.Her er det bare å finne fram i restekassa👍🏻😃Påmelding til Janne på tlf.47275923. Dette kan bli spennande, No håper eg at mange melder seg på. Pris kr.100.-





Påmelding til kurs med Anna innen 1.10 til Janne.Vi skal sy Forget Me Not. Du treng 15-17 stoff på 30 cm. Pris er 100kr. Dette er blir på klubbkveld 7.10. 
 Send påmelding til tlf. 47275923. Dette blir kjekt😃.


Det er framleis råd å melde seg på kurs på Vestlandstreffet.

--------------------------------------------------------------------------
Det er altså mykje spennande på gang i klubben vår!
Elin.

tirsdag 8. september 2015

Kjempegode kjeks!




Kari´s cookies J
200 gr  margarin/smør
2,5 dl  sukker
2,5 dl  brunt sukker
2 egg
2 ts  bakepulver
2 ts  vaniljesukker
7,5 dl  kveitemjøl

Hakket sjokolade, så mye du vil!!
Rør smør og begge sukkertypene  veldig godt. Bland i eit egg av gangen. Rør i det tørre. Til slutt blander du i hakket sjokolade. Form små kuler og sett de på steikeplaten med litt avstand, de eser utover. Steik ved 200 grader C i 9 minuttar. De skal være litt blaute når de kommer ut av omnen. Avkjøl på rist.


Remember: Cookies and milk are good for you! J