Det var såå kjekt å treffast att, sjølv om det var ein del fråfall denne gongen og. Denne gongen var vi i friluft på kaia på Rygg, ein nydeleg stad. Einaste aberet var at det ikkje var så godt å fotografere... Men her kjem bileta, litt av natur og mykje av medlemmar og ikkje minst masse inspirasjon!
Gamlebloggen
søndag 6. juni 2021
fredag 4. juni 2021
Oppdatering på forespørselen i forige blogg-post
Vi hadde ei flott avslutning av eit annleis sy-år på Ryggjaøyra. Det kjem blogginnlegg om dette snart. Men her er ein kopi av det som står på Facebooksida vår vedrørande forespørselen vi fekk frå Hyen, les forige bloggpost:
Etter sommaravslutningsmøtet igår kveld, der vi diskuterte evt. deltaking i prosjektet til Ragnhild Hope Birkeland, sende eg henne dei spørsmåla vi hadde igår kveld, og fekk følgjande svar idag: «Hei!
mandag 31. mai 2021
Avslutning på Bua på Ryggjaøyra og ein forespørsel
Etter en del fram og tilbake, tror vi vi har funnet et greit sted
å være for å avslutte vårsesongen i quiltelaget: Vi møtes førstkommende
onsdag 02.06 kl 18.00 på Bua på Ryggjaøyra. Da Bua er under oppussing må vi
holde oss ute, men været ser stødig og fint ut, og da er vi godt innafor
gjeldende koronaregler. Siden vi ikke vet hvor mange vi blir, kan det
være lurt å ta med campingstol. Da kan vi spre oss litt om
nødvendig. Styret stiller med marsipankake, øvrig mat og drikke - med
kopp - tar hver og en med etter ønske.
Av opplagte grunner har det vært en mager sesong når
det gjelder møter, men det skulle ikke forundre meg om mange har brukt mye av
hjemme-tida til å sy. Det er sikkert lagt ut mye fint på diverse sosiale
medier, men alle er ikke der, og uansett - det er sikkert ennå finere i
virkeligheten. Så ta med små og store produkter og vis stolt fram!
Klubben har fått en henvendelse om `dugnad` fra en
sang-glad og quilte-interessert dame i Hyen, Ragnhild Hope Birkeland,.
Dere får lese den og tenke over saken, så tar vi en diskusjon på
onsdag. Da håper vi å samle mange klubbmedlemmer!
For styret, Marit.
Etter
å ha prøvd å finne kontaktinformasjon til Gloppen Lappe- og Quilteklubb, vart
eg tipsa om å ta kontakt med deg på denne e-post-adressa. Eg håpar du har høve
til å vidareformidle denne meldinga til styret og/eller medlemmane i
klubben. Meldinga er kort fortalt ein førespurnad om å samarbeide om eit
lappeteppeprosjekt i samband med eit musikkprosjekt eg held på med. Håpar
de tykkjer det høyrest spennande ut, og at de kunne tenkje dykk å ta del!
Dette er altso eit musikkprosjekt, men eg tenkjer at det samstundes kan vere eit springbrett til prosjekt som involverer andre kunstartar - til dømes lappeteknikk/quilting. So eg skriv til dykk for å høyre om de kunne ha interesse av å samarbeide om eit lappeteppe som kan vere ein del av den visuelle profilen til EP-prosjektet mitt.
Det eg ser føre meg, er eit lappeteppe som kan brukast som bakgrunn og rekvisitt på t.d. bilete, videoar og ved eventuelle framsyningar. Ettersom ein av songane mine heiter "Stargazer," tenkte eg at det kunne passe å lage eit teppe med diverse stjerneblokker.
I teorien kan eg jo lage alle blokkene til eit slikt teppe sjølv, men eg likar tanken på å setje saman eit teppe med blokker laga av ulike personar, der kvar blokk får syne fram ein eigen stil og personlegdom. So kan eg sy desse saman til ein vakker og unik stjernehimmel.
Difor ville eg høyre om det er nokon i Gloppen Lappe- og Quilteklubb som kunne tenkje seg å ta del i dette kunstprosjektet?
Eg er klar over at lappesying kan vere tid- og ressurskrevjande, og eg skulle ynskje eg hadde budsjett til å betale for arbeidet. Men sidan eg ikkje har høve til det, lyt eg spørje om nokon kunne tenkje seg å bidra på dugnad? Det er då viktig å presisere at det ikkje er meininga at ein skal kjøpe inn nye stoff og nytt utstyr til dette prosjektet: restestoffblokker er heilt supert! Kanskje nokon allereie har ei ubrukt testblokk som kan passe?
For å få ein viss samanheng i det ferdige teppet, ser eg føre meg følgjande retningslinjer (men elles må de vere so kreative de berre vil!):
- Minst eitt stjernemotiv per blokk
- Stjerne(r) i gult, oransje, kvitt og/eller lyseblått
- Bakgrunn i mellom- og/eller mørkeblå
Blokkene treng ikkje ha ein bestemt storleik. Eg kan tilpasse med kantar og råmer når eg set saman teppet.
Eg håpar denne ideen er noko medlemmane i klubben kunne tenkje seg å vere med på. Om de har spørsmål eller vil dele tankar om prosjektet, er det berre å ta kontakt (sjå kontaktinformasjon under). Eg er spent på å høyre kva de tenkjer om moglegheitene for eit kreativt samarbeid!
Beste helsing
Ragnhild Hope Birkeland
(The Rose Chafer)
mandag 26. april 2021
Leiaren vår skriv:
Vi skulle gjerne hatt et medlemsmøte i mai, men etter å ha
diskutert saken, besluttet vi at tiden ennå ikke var moden, dessverre.
Skulle vi være inne, måtte vi begrense oss til 10 stk. Det synes vi var
litt stusselig. Og skulle vi være ute..... Her i Breim henger snøbygene
langt ned i fjellsidene, og polar-vinder plystrer rundt hushjørnene. Ei
og anna byge finner veien ned i bygda og, og etterlater seg et fint lite dryss
av snø. Vakkert, men helt feil i slutten av april. Og det er vel
ikke stort bedre på Sandane. Nå kan det være det samme med vinteren - vi
vil ha vår!
Så nå satser vi på avslutning av nok en rar sesong med et
møte ute i begynnelsen av juni. Det risikerer vi forhåpentligvis ikke
helsa på. TIN-camp fungerte veldig bra i fjor, men dersom noen har andre ideer,
så kom med dem. Regner med at mange har mye fint å vise fram da.
Det er god trøst både for vær og virus og andre viderverdigheter å omgi seg med
glade stoffer og dure i vei på symaskina! Vi kommer tilbake til saken
etterhvert.
For styret, Marit.
torsdag 4. mars 2021
Marsmøtet del 2
Så kjekt med quiltemøte igjen! Vi har ikkje vore i lag sidan november, og årsmøtet arrangerte vi på nett. Det gjekk veldig fint sidan sakene var grundig førebudde og sende ut i god tid.
Vi har fått to "nye" i styret, velkomne til Laila og Marie! Ja, nye i hermeteikn, her i klubben vår er vi såpass få at desse verva går på rundgang,og folk må vere i styret fleire gonger. Det er ein flott dugnad!
Medlemskvelden blei særs hyggeleg, vi var 11 - 12 samla med god avstand. Mat og drikke hadde vi med sjølve, slik som i haust. Det er eigentleg veldig greitt!!
Om det er innanfor reglane blir det aprilmøte onsdag 7. april!
Vis og fortel
Her kjem ein biletkavalkade, og først ute er Solveig, som hadde mykje ferdiglaga å vise: