Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

onsdag 12. august 2015

Klubbinformasjon august 2015.

August er her, og planlegginga for hausten er i full gong. Først viser vi nokre flotte tepper som Inger W. Ø. har gjort ferdig i sommar. Klubben har ei lukka side på facebook (berre for medlemmar), og der har det vore litt aktivitet i løpet av sommaren. Ein kan berre glede seg til Vis og fortel på første klubbmøte! 

Det er lagt inn nytt program og nye kaffivertinner i venstre marg.

Les meir under bileta!






Litt utfyllande om planane:

Det skal syast 20 stk. toalettvesker til Desiree sin aksjon Søstre for søstre. Dette skal skje den første klubbkvelden i september. Veska må vere ca. 25 cm høg, og det blir delt ut eit enkelt mønster på møtet. (Det går nok fint å bruke eige mønster og.)
Ta med stoff, glidelås og eventuell pynt. Symaskina må og vere med.
Søndag 6. september blir det arrangert tur til Dale for å avlevere toalettveskene til Desiree. Temaet hennar denne gongen er "Rydde på syrommet", men kjenner vi henne rett, har ho sikkert mykje anna god inspirasjon å kome med også. Etterpå vert det middag og kaffi på Mjølkerampen. Dei bed om at dersom nokon har spesielle allergiar, må dei opplyse om dette ved påmelding. Den skal skje til Reidun Ask Flølo: reidun_askflolo@hotmail.com, eller tlf. 95910698 innan 29. august. Prisen vert 250 kr. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar