Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb
Her ligg mange lenkjer til bloggar og butikkar.

fredag 4. september 2015

Søstre for søstre


I solidaritet med alle våre medsøstre som må rømme til krisesenter, har vi hatt aksjon i klubben vår. Totalt 30 toalettvesker med innhald blir sende av garde. Alle dei lokale matbutikkane på Sandane har bidrege med innhald, resten blir sponsa av klubben vår. Initiativtakar er Desiree, og aksjonen heiter Søstre for søstre. 
Første klubbmøtet hadde derfor fokus på sying av toalettvesker. Noko av det som blir vist her, skal sendast. Andre er under arbeid.





Det er ikkje så ofte Liv-Ingunn er med på klubbmøta våre pga. arbeidstida hennar. Denne gongen kom ho heldigvis. Her har ho sydd Bente Malm sin ryggsekk i gjenbruk dongeri. 
Liv-Ingunn skal vere ein av kurslærarane på Vestlandstreffet. Dyktig dame!





Solveig har sydd mange toalettvesker.







Resycling er i skuddet. her har Janne laga toalettmappe av ein utdatert topp!




Nokre av veskene nedanfor er Inger sine. Ho likar veldig godt eit mønster frå Quiltemagasine nokre år attende, som heiter Roseveske. Ho gjer dei absolutt til sine eigne, både med stoff og pynt.





Just a reminder: Ikkje gløym vennskapsveska! Ho er anvendeleg og populær.



Go to gate, sydd av ei som snart skal på tur!



Decoupage på kvitt skinn, det blei flott!



Anna har igjen konfirmant som skal få teppe. Her er mønsteret Forget me not, som ho har sydd fleire av. Som vanleg blir visinga hennar krydra med spennande forteljing om arbeidet frå byrjing til slutt. Ho er den eldste i klubben, ein svært aktiv pensjonist, som ikkje alltid "har tid til ting", men som er flink til å prioritere, og har ein rørande omtanke for andre. Ho er eit førebilete!




Marie har fått ferdig fleire større tepper som har lege ei stund.





Solveig her med sine fine twisterløparar.



Inger har mekka eit flott teppe med curves-linjalen. Her er nye stoff, gamle stoff, og eldgamle stoff, t.d. frå pysjamasen til ein kjær onkel. Inger har som regel nokre innslag av stoff med affeksjonsverdi i tinga ho lagar. Dette teppet er sydd i 6 seksjonar, kvar kvilta for seg. 


Årets segleprosjekt av Kari (over). Handsaum på strek. Nydelege fargar.
Kari-svong på teppet under og!



  
Underteikna held på med My small world frå Quiltmania. Er komt godt igong med kviltinga. Gleder meg til å treffe designaren, Jen Kingwell, i Oslo om eit par veker!


Fantastisk herleg sysaker-korg!!


Vi har det verkeleg triveleg i klubben vår, og no har vi mykje spennande på agendaen framover hausten!

Elin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar