Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

mandag 7. februar 2022

Årsmøte med Vis og fortell!

 Årsmøtet blei avvikla med godt frammøte. 

Else har teke bileta og skrive teksten, tusen takk, Else!



Marie har, i tillegg til fint tennbrikettbokstrekk, sydd modellar der ho har brukt QuickCurveRuler-linjalen. Dette var tenkt som tema for sylaurdagen vi skulle hatt, men som vart avlyst. I staden er vi så heldige at Marie vil vise oss bruken av linjalen på eit seinare møte!



 
Marit sine "søte boksar" frå januarmøtet. Friske, fine fargar, og fint med applikasjon!


Kari er entusiastisk følgar av Bonnie Hunter sine prosjekt, og hennar årlege Mystery Quilts har ho sydd mange av! Dette flotte eksemplaret er i andre fargar enn Kari valegvis bruker.


Anna sviktar aldri, og også denne gongen har ho sydd mange flotte produkt:toalettvesker i mange fargar og fasoongar, og også einav dei "søte posane".



Solveig har halde fram med å produsere julegåver også etter jul, og det har blitt fine ting, m.a. AnnaKa sin adventskalendar i nydelege blåfargar.




Grethe har sydd teppe etter mønster frå Quiltemagasinet 3/12 av Nina Lise Moen,med baksidei fri fantasi. Flott blei det.


Marianne ha sydd fine gryteklutar og mange toalettvesker, m.a. i skinnimitasjon. (Flere bilete av skinnprodukta hennar på innlegget frå desember).







Her er Marianne med den flotte Baltimorquilten ho har hatt liggande lenge.



Sol har sydd pute, fin både på framsida og baksida.



Baksida på Torill sitt teppe,sjå meir tekst under.


Annlaug har rydda på syrommet sitt, og ho og Torill har sydd mykje fint av stoff derifrå frå tidlegare tider: Annlaug sine trekk til solstolar, ein super ide`.




Annlaug sine fine "søte posar".


Inger hadde brukt stoff frå klede og anna etter tømming av hus, både frå sitt eige og slikt ho hadde fått av andre. Ho hadde laga mange fine vesker, samt gryteklutar.







Henny si fine utgåve av "søte posar" frå myQuilt 3/21.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar