Heisann!
Då har styret konstituert seg, og vi har hatt vårt første møte.
Leiar: Marianne Kårstad Raad
Kasserar: Anne Johnsen
Sekretær: Laila Eikeset
Kursansvarleg m.m: Marie Myklebust
Plan for våren 2022
2. mars: Korger til å ha masse kjekke ting og tang oppi v/ Annlaug
Ta med:
- 2 stk stoff som passer saman mål 12x12 inches, el 30x30 cm
- 1stk bordvatt, same mål, kan også bruke vliselin 250
- symaskin, tråd, saks, merkepenn/kritt
Marie M og Anne J tek med mat. Du må ta med kopp!
6. april: Vi lagar påskehøner v/Marie
Else Pernille Eide og Kari Eide tek med mat.
4. mai: Avslutning med god mat/god søje og vis og fortel.
Vi held fram med loddsalet med masse kjekke vinstar! 10 kr. pr. lodd som før! Reknar med at koronaen snart er over, 😊 og vi innfører matlista igjen.
Så har vi diskutert litt kva innhald vi skal på samlingane våre utover hausten , ma. korleis vi skal rekruttere nye medlemmer, gjennomføre evt. kurs og klubbturar. Her ynskjer vi innspel og tek det opp på møtet den 2. mars. Vi må og bestemme ein dato for sylørdagen som Marie skulle ha ansvaret for (linjalen).
Vi ynskjer at quilting skal vere i fokus på samlingane framover, at vi deler med kvarandre , inspirerer kvarandre og blir inspirert. Så derfor oppmodar styret alle medlemmene om å ta med symaskin eller handsaum. Muleg at de kan låne symaskin på GU, men avklar med Kari først.
Vel møtt den 2. mars til ein kjekke og inspirerande quiltekveld!
Vennleg helsing styret v/Marianne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar