Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

fredag 4. september 2015

Søstre for søstre


I solidaritet med alle våre medsøstre som må rømme til krisesenter, har vi hatt aksjon i klubben vår. Totalt 30 toalettvesker med innhald blir sende av garde. Alle dei lokale matbutikkane på Sandane har bidrege med innhald, resten blir sponsa av klubben vår. Initiativtakar er Desiree, og aksjonen heiter Søstre for søstre. 
Første klubbmøtet hadde derfor fokus på sying av toalettvesker. Noko av det som blir vist her, skal sendast. Andre er under arbeid.





Det er ikkje så ofte Liv-Ingunn er med på klubbmøta våre pga. arbeidstida hennar. Denne gongen kom ho heldigvis. Her har ho sydd Bente Malm sin ryggsekk i gjenbruk dongeri. 
Liv-Ingunn skal vere ein av kurslærarane på Vestlandstreffet. Dyktig dame!





Solveig har sydd mange toalettvesker.







Resycling er i skuddet. her har Janne laga toalettmappe av ein utdatert topp!




Nokre av veskene nedanfor er Inger sine. Ho likar veldig godt eit mønster frå Quiltemagasine nokre år attende, som heiter Roseveske. Ho gjer dei absolutt til sine eigne, både med stoff og pynt.





Just a reminder: Ikkje gløym vennskapsveska! Ho er anvendeleg og populær.



Go to gate, sydd av ei som snart skal på tur!



Decoupage på kvitt skinn, det blei flott!



Anna har igjen konfirmant som skal få teppe. Her er mønsteret Forget me not, som ho har sydd fleire av. Som vanleg blir visinga hennar krydra med spennande forteljing om arbeidet frå byrjing til slutt. Ho er den eldste i klubben, ein svært aktiv pensjonist, som ikkje alltid "har tid til ting", men som er flink til å prioritere, og har ein rørande omtanke for andre. Ho er eit førebilete!




Marie har fått ferdig fleire større tepper som har lege ei stund.





Solveig her med sine fine twisterløparar.



Inger har mekka eit flott teppe med curves-linjalen. Her er nye stoff, gamle stoff, og eldgamle stoff, t.d. frå pysjamasen til ein kjær onkel. Inger har som regel nokre innslag av stoff med affeksjonsverdi i tinga ho lagar. Dette teppet er sydd i 6 seksjonar, kvar kvilta for seg. 


Årets segleprosjekt av Kari (over). Handsaum på strek. Nydelege fargar.
Kari-svong på teppet under og!



  
Underteikna held på med My small world frå Quiltmania. Er komt godt igong med kviltinga. Gleder meg til å treffe designaren, Jen Kingwell, i Oslo om eit par veker!


Fantastisk herleg sysaker-korg!!


Vi har det verkeleg triveleg i klubben vår, og no har vi mykje spennande på agendaen framover hausten!

Elin.

onsdag 12. august 2015

Klubbinformasjon august 2015.

August er her, og planlegginga for hausten er i full gong. Først viser vi nokre flotte tepper som Inger W. Ø. har gjort ferdig i sommar. Klubben har ei lukka side på facebook (berre for medlemmar), og der har det vore litt aktivitet i løpet av sommaren. Ein kan berre glede seg til Vis og fortel på første klubbmøte! 

Det er lagt inn nytt program og nye kaffivertinner i venstre marg.

Les meir under bileta!






Litt utfyllande om planane:

Det skal syast 20 stk. toalettvesker til Desiree sin aksjon Søstre for søstre. Dette skal skje den første klubbkvelden i september. Veska må vere ca. 25 cm høg, og det blir delt ut eit enkelt mønster på møtet. (Det går nok fint å bruke eige mønster og.)
Ta med stoff, glidelås og eventuell pynt. Symaskina må og vere med.
Søndag 6. september blir det arrangert tur til Dale for å avlevere toalettveskene til Desiree. Temaet hennar denne gongen er "Rydde på syrommet", men kjenner vi henne rett, har ho sikkert mykje anna god inspirasjon å kome med også. Etterpå vert det middag og kaffi på Mjølkerampen. Dei bed om at dersom nokon har spesielle allergiar, må dei opplyse om dette ved påmelding. Den skal skje til Reidun Ask Flølo: reidun_askflolo@hotmail.com, eller tlf. 95910698 innan 29. august. Prisen vert 250 kr. 

fredag 26. juni 2015

Kaffe Fassett


Kaffe Fassett si utstilling på Hadeland, sjå fleire bilete her.


Bileta under her er tekne av Grethe R. i klubben vår. Det var visst ei fantastisk utstilling. Takk for bileta, Grethe!









onsdag 6. mai 2015

Vestlandstreffet på Eid.

Her  kan ein lese om Vestlandstreffet.




Vår-avslutning i klubben på Vereide!



Vis og fortel

Quilt as you go, teppe til konfirmant. Nydelege stoff. Inger G.
Bok til inspirasjon her.


Anna sitt seinaste verk: Turning twenty.


Kari hadde fått ferdig toppen på Leaders/enders-prosjektet sitt.
Inspirasjon her.


Inger W.Ø. sitt flotte katteteppe. Flott quilta i kattepotemønster!



Kari S. er ferdig med sytørken. Nydeleg løpar.


 Kari R. E. syr meir blokker.


Inger W.Ø. si flotte veske.
J

Janne er flink å kvilte. 






Henny si nydelege toalettveske.


Solveig sine runde løparar.


Grethe sine originale hus...


Solveig har sydd på rutepapir.



Monsgarden på Vereide. Her hadde vi ei kjempekoseleg våravslutning. 

Vi har det veldig kjekt i klubben vår! 
Takk til styret for ein kjekk kveld og eit godt klubbår!


Gammal, restaurert Nordfjordstove på garden.




Vertskapet John-Elling og Daiva var med på Vis og fortel!





Takk for denne sesongen. Det kjem vel fleire innlegg før hausten. Bruk elles facebook-gruppa vår. Der er snegt å legge inn bilete. Ver frimodig, bruk denne sida!